Dyregod-komiteen
Det er med spenning og forventning at prosjektgruppa for Dyregod-dagane kan ønskje alle velkomne til Batnfjordsøra dagane 2. til 4. september 2011.
Dyregod-komiteen. Fra venstre Ole E. Øverland, Odd Tore Silseth, Asbjørn Undlien, Ole Martin Ask, Bjørn Eikemo, Kjetil Hestmark, Hallstein Grønseth, Tonje Hoem, Olav Bjørn Nilssen, Oddbjørn Silseth, Ole Solenes.Vi har lagt vekt på å legge opp eit program der folk frå bygd og by, unge som eldre skal finne noko av interesse. Det er innslag av fagleg verdi for yrkesutøvarar innan landbruk og bygdenæringar, men i tillegg eit variert program der alle vil finne noko som kallar på interesse.
Som namnet tilseier vil dyr vere eit sentralt innslag, med ulike aktivitetar alle dagane.
Egen invitasjon for 10.klasser frå Nordmøre og Romsdal.
Eventyrskogen er særleg lagt til rette for dei aller yngste, der du forutan dyr også vil møte kjente frå norske folkeeventyr og mykje anna.
Alle tre dagane vil det vere musikk og underhaldning for store og små.
Maskinutstillinga vil vise det nyaste innan mekanisering, men der vil du også finne maskiner som viser noko av utviklinga gjennom det siste hundreåret.
Mange utstillarar vil vere å finne, handtverk og husflid vil vere representert og småskala matprodusentar vil tilby sine varer.
På laurdag vil spreke kvinner og menn konkurrere i Drengathlon og på søndag møter veteranbilentusiastane fram med sine kjørety - og dette er berre noko av det du vil oppleve desse dagane.
Velkomen til Dyregod-dagane 2011
Kjetil Hestmark, Oddbjørn Silseth, Ole Martin Ask, Halstein Grønseth,
Ole Solenes, Olav Bjørn Nilssen,
Bjørn Eikemo, Ole Eimund Øverland, Asbjørn Undlien